Ei sprek ferd til fjells

Dette er turen for deg som liker å kome deg opp i høgda for å få overblikk over saker og ting. Først køyrer du mot det hyggelege bygdesenteret Aurlandsvangen. Deretter klatrar du og bilen oppover bakkane mot det svimlande utsiktspunktet Stegastein. Her får du luft under vengene – og kanskje får du også meirsmak?

Køyrer du litt vidare, kan du nemleg ta beina fatt og rusle ein liten tur i det fri for å oppleve eit «urørt» panorama. Ingenting gjer så godt som ein liten strekk på beina ute i den opne, frie naturen.

Start og stopp:
Flåm sentrum

Turen varer:
2 timar

Pris:
1650 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.