Ei eventyrleg historie

Flåmsdalen er dalen ein berre må få med seg – og det er det mange som gjer. Gjennom hundreåra har dalen lokka til seg hundretusenvis av naturelskarar kvart år, og dei får ikkje nok!

Du skal ikkje køyre heilt opp på høgfjellet der Flåmsbana møter Bergensbana, men du skal så langt som til togstasjonen på Berekvam. Vi lovar deg ein spennande dose av frodig kulturlandskap og vill og dramatisk natur, der du snirklar deg opp gjennom den vidgjetne dalen på smale vegar – ingrediensar som både skjerpar og tilfredsstiller nysgjerrigheita og utforskartrongen.

Start og stopp:
Flåm sentrum

Turen varer:
1,5 timar

Pris:
1500 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.