Velkomen til Flåm og Aurland – og velkomen til ein ny, grøn og morosam måte å oppleve området vårt på! Du kan velje mellom mange ulike turar – du finn garantert ein som passar for deg.
Vi fortel deg mykje spennande gjennom GPS-guiden vår i bilen.

eTOUR Panorama Stegastein

Turar

Aurlandsvangen–Stegastein

Du skal ut på ein spennande tur i høgda. Turen går gjennom eit hyggeleg bygdesenter, og vidare på svingete vegar mot luftige Stegastein – og kanskje litt lenger? Turen byr på vakre opplevingar og utsyn i alle retningar – denne turen har kribling-i-magen-garanti!

Start og stopp: Flåm sentrum
Turen varer: 2 timar
Pris: 1650 kr

eTOUR Flåmsdalen adventure

flamsdalen

Berekvam

Bli med på ein spennande tur gjennom Flåmsdalen, dalen som i seg sjølv er som eit norsk folkeeventyr: ei gammal historie, med eit mylder av folk – kjende og ukjende vesen – dyr og mystiske farkostar. Du får oppleve eit populært og travelt reisemål – så hald hendene på rattet og blikket på vegen!

Start og stopp: Flåm sentrum
Turen varer: 1,5 time
Pris: 1500 kr

eTOUR The power of water

Turar

Aurlandsvangen–Vassbygdi

Bli med på ein spennande – og roleg – tur mot straumen! Du skal først innom eit triveleg bygdesenter, og deretter følgjer du den livgivande elva gjennom ein frodig dal full av historie. Kanskje gir elva deg ro i sjela – og nye krefter?

Start og stopp: Flåm sentrum
Turen varer: 1,5 time
Pris: 1500 kr

eTOUR Village chill-out

Turar

Aurlandsvangen

Dette er turen for deg som liker å nippe til godsakene i små, utsøkte dosar. Du får ein kjekk køyretur med Twizyen, samstundes som du får besøkje eit bygdesenter som har mykje spennande å by på – både for auga og for magen.

Start og stopp: Flåm sentrum
Turen varer: 1 time
Pris: 1000 kr

eTOUR VIP

eMobility-0025

Med personleg guide

Ønskjer du og gruppa di ei annleis oppleving i lag? Bestill VIP-tur hos oss, og vi legg til rette for ei artig Twizy-oppleving med personleg guide. Kontakt oss for meir informasjon!