Det er enkelt og sorglaust å køyre el-bil. Dei er små, kvikke og kjem seg fram overalt – og vi set sjølvsagt sikkerheita i høgsetet.
Ver trygg på tur
Vi i eMobility er opptekne av tryggleik. Våre prisar er inkludert ansvarsforsikring, førar- og passasjerforsikring, kaskoforsikring og miljøforsikring.
Twizyen er lett (450 kilo og vel 700 kg medrekna batteri), og du kjem deg trygt og lett fram overalt der det er ein farbar veg. Den har airbag i førarsetet og trepunkts sikkerheitssele både i framsete og baksete. Det er plass til barnepute i baksetet for barn over 15 kilo.
Du køyrer sjølvsagt varsamt med desse små el-bilane. Toppfart på dei svingete vegane våre kan du kanskje drøyme om, men det er ein viktig grunn til å ta det roleg: 100 prosent elektrisk vil seie hundre prosent stille. Det er ikkje sikkert at folk og dyr høyrer at du kjem, så det er du som må passe på!